Gruppehald av hest er ein tilfredstillande oppstallingsform med hensyn på artens grunnleggande behov for rørsle og sosial kontakt. Forsking visar at hestar oppstalla i gruppe har lettare for å lære, og utvikler betre sosiale evner. Det konvensjonelle oppstallingssystemet i enkeltboksar er assosiert med sosial isolasjon og løysingar som hindrar hesten sitt naturlege atferdsmønster.Velferd i hestehaldet er omdiskutert grunna høg andel hestar som utvikler abnormal atferd og helseproblemer. Mange hestar vert haldne i enkeltbokser grunna at eigar fryktar at dei skal skade seg sjølv, og andre hestar. For å få meir kunnskap om hald av hest i gruppe under nordiske forhold er det satt i gang eit samarbeidsprosjekt der Norge, Sverige, Danmark og Finland deltek. Forsøka dreier seg om etologi (åtferd), husdyrmiljø og dyrevelferd for alle aldersgrupper av hest, men særskilt unghest vert haldne i grupper i Norge.