Parasittar reduserar fôrutnyttinga, spesielt opptaket av næringsstoff, og er difor viktige å unngå. prøver å unngå parasittar ved å unngå beiting rundt gjødsla. Hesten sitt beitemønster er til stor grad bestemt av behovet for energi. I tillegg spelar også andre faktorar inn, som behovet for å unngå rovdyr og parasittar. Mange av parasittane hjå hest finns i form av egg i gjødsla. Desse utviklar seg til larver som flytter seg frå gjødsla og ut i vegetasjonen. Seinare blir dei igjen inntatt av hesten gjennom beiting. 98% av larvene blir funne innan ein radius på ein meter rundt gjødsla. Tidlegare studium peiker mot at hesten sjølv ikkje ser ut til å kunne oppdaga larvene. Difor kan det å unngå alle områder med gjødsel vera nyttig. Denne åtferda har blitt observert hjå mange drøvtyggarar.
Les meir her.