Kommende kurs:

  1. søn 13. okt 2024

    Akershus Dølahestlag

    • A1 - Temming
    • B3 - Rekruttering
  2. lør 19. okt 2024

    Nord Østerdal dølahestlag

    • A2 - Tømmekjøring
  3. lør 19. okt 2024

    Nordlandshest/Lyngshest avd. Rogaland og Agder

    • A3 - Innkjøring
  4. søn 20. okt 2024

    Hedmarken Dølahestlag

    • B1 - Skeid
  5. søn 27. okt 2024

    Glåmdal Dølahestlag

    • B2 - Miljøtrening
  6. ons 27. nov 2024

    Hemnes og Rana Dølahestlag

    • A00 - Følkurs
    • A2 - Tømmekjøring
    • A3 - Innkjøring
  7. lør 28. des 2024

    Alslaget for Lyngshest i Troms

    • A2 - Tømmekjøring
    • A5 - Innridning

\r\n Tekst: Jenny Johnsen
\r\n
\r\n Hesten er eit einmaga dyr med baktarmsfermentering, ein relativt liten magesekk og følsom fordøyelseskanal. Dette gjer at hesten føretrekk små og mange måltid i løpet av ein dag. Fordi hesten ikkje kan kasta opp og fordi den har ein lang og kompleks fordøyelseskanal, er det ekstra viktig for hesten å ikkje få i seg noko som den ikkje kan fordøya. Manglande evne til å fordøya inntatt fôr kan føra til kolikk. Alt fôr som hesten et vert behandla mekanisk (tygging), kjemisk (enzymatisk) og mikrobielt (fermentering).
\r\n
\r\n Karbohydrat, feitt og protein utgjer hovudnæringsstoffa. Karbohydrat og feitt er energikjelder for hesten. Protein er viktig for bygging av muskulatur og kroppsvev, og er ekstra viktig for hestar i hard trening, i vekst og til fostervekst. Ved overfôring på protein vil dette verta omgjort til energi, men dette er ein krevjande prosess for nyrene. Generelt er det tilrådeleg å fôra hesten på eit balansert forhold mellom dei tre hovudnæringsstoffa. Av den totale dietten er omlag 80% karbohydrat, 8-10% protein og 8% feitt tilrådeleg. Hesten kan fôrast på opptil 15-20% feitt, men over dette aukar sjansen for diaré.
\r\n
\r\n Ved fôrinntak er det første som skjer at hesten føretek eit vel gjennomtenkt utval av fôr. Dette er ulikt frå kua, som slenger tunga rundt ein bunt gras og får med seg mykje. Hesten derimot, brukar leppene til velja ut akkurat det den vil ha.
\r\n
\r\n Sidan blir fôret mala opp av tennene. Hesten har to sett med tenner, framtennene som me lett kan få auge dersom hesten opnar munnen, og baktennene som sit lengre oppe i kjeven.
\r\n
\r\n Oppmalinga av fôret har fleire funksjonar. Når hesten tygg vert det produsert spytt som blautgjer fôret og gjer det lett å transportera ned spiserøyret utan at spiserøyret vert skada. Spyttet fungerar også som buffer og hindrar store pH-svingningar. Hesten har, i motsetning til andre einmaga dyr som menneske og gris, lite eller ingen enzym i spyttet. Hesten kan produsera opptil 35 liter spytt på ein dag, avhengig av tørrstoffmengda i fôret. Spyttmengda aukar med aukande andel grovfôr. Difor er ein høg grovfôrandel i hesten sin fôr-rasjon viktig for eit godt miljø i magesekken. Tyggeprosessen deler fôret opp til små fôrpartiklar. Det gjer at desse lettare vert tekne opp av epitelcellene på tarmveggen i tynntarmen.
\r\n
\r\n Fôret går via spiserøyret ned i magesekken. Hesten har ein relativt liten magesekk på omlag 15 liter som fungerar best når den inneheld 7-8 liter. Til samanlikning kan vomma til ei ku romme 150 liter. Tømming av magesekken vil starta når den er 2/3-dels full, uavhengig av om fôret er ferdig nedbryte eller ikkje. Dette er ein av fleire grunnar til å fordela fôret utover dagen. I magesekken blir det produsert slim, saltsyre og pepsinogen, som gjer at pH-en i fôrmassen etter kvart synk. Nedbryting av protein til peptid (korte rekker av aminosyrer) og aminosyrer skjer ved hjelp av enzymet pepsinogen. Den låge pH-en sørgjer også for å ta knekken på mange uønska og potensielt skadelege mikroorganismar som har funne vegen inn i kroppen via fôret og er difor ein del av det medfødde immunsystemet.
\r\n
\r\n Frå magesekken går fôret vidare til tynntarmen. I tolvfingertarmen blir bukspytt og galle tilsett. Dette fungerar som ein buffer og pH-en stig til eit nivå som passar miljøet i tynntarmen. Fôret er no blitt utblanda med store mengder væske. Det gjer at næringsstoffa lettare kjem i kontakt med epitelcellene og “næringssuppa” glir lett gjennom tarmen. Tynntarmen hjå hest er svært lang, over 20 meter i ein 500 kg hest. Her skjer nedbryting av feitt og opptaket av hovudnæringsstoffa feitt, karbohydrat og protein, som no har blitt til monoglyserid/feittsyrer, glukose og aminosyrer. I tillegg blir vitamin og mineral også tatt opp her. Bukspyttkjertelen skil ut enzym som bidreg til nedbrytinga, mellom andre lipase, som bryt ned feitt til monoglyserid og feittsyrer. Hesten har ikkje galleblære og difor blir gallen, som brukast til emulgering av feitt slik at dette lett kan bli tatt opp, skilt ut av galleceller i levra. Gallen blir produsert og skilt ut kontinuerleg og med sin låge pH har denne potensiale til å skada tynntarmen. Dette er difor endå ein grunn til å fôra i mange, små måltid.
\r\n
\r\n Dei bakre tarmavsnitta består av blindtarmen, tjukktarmen og endetarmen. Her, i dei bakre tarmavsnitta, skjer den mikrobielle nedbrytinga. Dette skiljer hesten frå mennesket, som også er einmaga, då menneske ikkje har moglegheit til å bryta ned cellulose og dette fungerar for oss berre som fiber. I dei bakre tarmavsnitta hjå hest jobbar mikroorganismar (mikrobar) med nedbryting av cellulose til frie feittsyrer. Desse diffunderar gjennom tarmveggen til blodet og er ei energikjelde. Cellulose er tungtfordøyeleg og dette gjer at fôret brukar relativt lang tid her. Mikrobetypane varierar etter kva slag fôr hesten går på og tåler ikkje plutselege miljøendringar. Dette er ein av grunnane til at ein alltid må gå gradvis ved fôrskifte.
\r\n
\r\n I (den store) tjukktarmen skjer opptak av karbohydrat som blei frigjeve under nedbrytinga av cellulose, og i (den vetle) tjukktarmen skjer opptak av mykje av det resterande vatnet som er att i tarmen. I den vetle tjukktarm blir også hestepærene forma. Endetarmen fungerar som opphaldsstad for gjødsla før den blir skilt ut.
\r\n
\r\n
\r\n Kjelder:
\r\n Frape, D. (1997). Equine Nutrition and Feeding. Blackwell Science Ltd
\r\n Gro Torpe, pers. comm. 2008-11-07
\r\n Wikipedia, 2008-11-07

\r\n

Velkommen til Fokus unghest!

Denne nettsiden er tenkt å være en ressurs for deg som driver eller vil drive med unghest. Unghest.no Vil fungere som en base med nyttig informasjon som bruk og hold av unghest. 

Unghest.no er resultatet av et samarbeid mellom Norges Fjordhestlag, Landslaget for dølehest og Landslaget for nordlandshest/ lyngshest. Bakgrunnen for prosjektet er behovet for å øke interessen for hold og bruk av unghest. Målet er å stimulere til økt aktivitet i lokallagene og tilby kunnskap om trygg trening av unghest. Dersom du vil lese mer om Unghestprosjektet, ta ein kikk til på menyen øverst på nettsiden.

På unghest.no vil du finne artikler om blant annet trening, fôring og stell av unghest, samt informasjon om kurs, utstillinger, tips til treningsprogram, råd om oppstallingsformer og andre ting.

Vil du at ditt lokallag skal arrangere unghestsamling/kurs? Ta kontakt med styret i ditt lokallag! For informasjon om ulike kursmoduler, og reglement for utbetaling av støtte, til kurs se i menyen øverst på siden. 

Dersom du vil gi ei tilbakemelding på nettsiden, eller dersom du har en ide til hva som burde ha vært her, send oss gjerne tips på e-post til post@unghest.no

Norges fjordhestlag Landslaget for nordlandshest/lyngshestLandslaget for dølahest

Unghest.no er eit samarbeid mellom  Norges Fjordhestlag - Landslaget for Dølehest - Landslaget for Nordlandshest/ Lyngshest - Norsk hestesenter Webdesign: bbd.no  Nettløsning: Veir AS