Ernæringsmessige og fysiologiske behov knytt til fôrinntak hos hest og korleis ein møter desse. Artikkelen "Fôr til hesten" er omfattande og inneheld svært viktig kunnskap for alle hestehaldarar.
Les artikkelen her.
\r\n
Betydning av fôret i forhold til helse
Grovfôr utgjer i dag berre ein del av fôrplanen til mange hester i hardt arbeid. Årsaken til dette er at dei vanlegaste grovfôrtyper produsert for hest har for lågt energi-innhald, og at det finnast ein oppfatning blant hesteeigare at kraftfôr i seg sjølv er prestasjonsfremmande. SLU (Svensk Landbruksuniversitet) har jobba med eit prosjekt rundt betydningen av fôring i forhold til hesten si helse og prestasjon. Målet med prosjektet er å betre kunne gje anbefalinger om korleis eit energirikt grovfôr kan nyttast i fôring av prestasjonshester, og korleis sammansetnaden og konserveringsmetoden av grovfôret påverkar det mikrobielle miljøet i tjukk- og blindtarm, omsetnaden av næringstoff, og korleis hesten svarer på trening. Les heile artikken her.