Korleis hesten skal fôrast avheng av mange faktorar: Alder, kjønn, type, allmenntilstand, hald, om hesten er drektig eller lakterar, og kva klima den blir holdt i . Ein vaksen vallak blir fôra annleis enn ei høgdrektig hoppe.
Det finnes svært mange formlar som gjer det mogleg å rekne ut nesten akkurat kva hesten treng til ei kvar tid. Det er også mogleg å forenkle nokre av desse formlane. Tanken med desse artiklane å presentera nokre enkle normer som kan vera rettleiande i fôrplanlegginga for din hest. Bruk alltid sunn fornuft og spør fagfolk dersom du er usikker.
Hesten sitt behov for energi er det alltid hesten som bestemmer. Ein kan til ein viss grad rekne seg fram til kor mykje energi hesten brukar, men hestar brukar ulik mengd energi på likt arbeid. Dette varierar veldig frå hest til hest. La difor alltid ei grundig haldvurdering avgjere kor mykje energi du fôrar hesten din med.
Alle hestar har behov for energi, protein, mineral, vitamin og vatn. Avhengig av kva tilstand hesten er i har den behov for dette til vedlikehald, vekst, drektigheit eller laktasjon. Trening vil også til ein viss grad auka hesten sine behov.
Energi blir målt i foreinheiter. 1 FEh (FEhest) tilsvarar nettoenergien i 1 kg bygg gjeve til hest på vedlikehald.
Vedlikehaldsbehovet er den energien hesten brukar på fysiologiske prosessar som å oppretthalda væskebalanse, halda tarmsystemet i gang og varmeregulering. All trening og aktivitet kjem utenom vedlikehaldsbehovet og aukar behovet for energi.
Klikk her for å sjå ein mal for fôrplanlegging til unghest:
Behovsplan Unghest
Klikk her for å sjå ein mal for fôrplanlegging til vaksen hest:
Behovsplan Vaksen hest
Klikk her for å lesa meir om fôring av drektige hopper:
Fôring av drektige hopper